Går kreative vegar

Vilde Helene Takla skulle gjerne sett at kunstmiljøet i Odda fekk meir merksemd.

Vilde Helene Takla skulle gjerne sett at kunstmiljøet i Odda fekk meir merksemd. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Vilde Helene Takla (19) frå Tyssedal har i fleire år utmerka seg som eit ungt kreativt talent.

DEL

Mange vil kjenne namnet hennar frå Ungdommens Kulturmønstring (UKM). I seks år på rad gjekk Takla vidare til fylkesmønstringa i Bergen, og i 2014 heile vegen til UKM-festivalen i Trondheim. Ho har hatt utstillingar, og sel kunst frå basen i Bergen. Også i utdanninga har ho teke kreative vegar.

Tidleg fanga

Takla fortel at ho har vore interessert i teikning og måling så lenge ho kan hugse. Allereie som femåring brukte ho enkelt perspektiv i teikningane sine.

– Eg hugsar at eg syntest det var så gøy å teikne. Det var noko som fanga meg svært tidleg, og eg heldt fram med interessa då eg vart eldre, seier ho.

Som 13-åring vart ho tipsa om UKM.

– Eg tenkte at eg like gjerne kunne prøve å melde på eit måleri. Det gjekk eg vidare til fylkesmønstringa med. I Bergen fekk eg mykje inspirasjon, og lærte til dømes om andre sine teknikkar. Det var og starten på det å stille ut, og eg fekk vise folk kva eg interesserer meg for og driv med, seier ho.

Til UKM-festivalen

Fram til ho var 18 år, deltok Vilde på UKM årleg, og kom kvart år vidare til fylkesmønstringa. Målet var å gå vidare til landsfestivalen i Trondheim, og i UKM 2014 gjorde ho endeleg det, med måleriet «Engelsk Undulat». Teknikken er ei blanding av realisme og surrealisme, med inspirasjon frå til dømes Æsops fabler og Walt Disney.

– Disney er mitt store førebilete. Eg har alltid likt stemningane han skapte og effekten dei har hatt på folk, seier ho.

– Eg har sjølv ein engelsk undulat. Det er ein stor undulat-type, med mykje personlegdom. Til dømes skyt den fram brystkassa, og verkar litt pompøs. Eg fekk lyst til å måle den, og forsterka trekka, samstundes som eg såg den for meg som ein «typisk» engelskmann, med bowlerhatt, dressvest, og liknande. Juryen sa at måleriet hadde eit eige uttrykk, og fekk folk til å smile, seier ho.

Det å finne eit eige uttrykk er ei særs god tilbakemelding for ein kunstnar, og Takla utviklar no konseptet vidare, med fleire liknande bilete i ein serie. Ho håpar å kunne stille ut desse til våren.

I UKM-samanheng takkar ho for seg.

– Det å vere ein av 550 som gjekk til landsmønstringa, av 24000 påmelde, var veldig gøy, og ei stadfesting på at det eg gjer held høgt nivå. Men då eg endeleg nådde målsetjinga, var det eit godt tidspunkt å gje seg på i UKM, seier ho.

Ho satsar likevel vidare på kunsten, og får stadig fleire bestillingar.

– Lokalt har eg laga logoar for Ungdomsfestivalen, og Smelt i Odda. Eg lagde og motiva til diplomane som Frode Grytten og Ingvill Måkestad Bovim fekk då dei vart æreseselevar på ungdomsskulen. I tillegg har eg mange måle- og teikneoppdrag, fortel ho.

Skreddarfaget

Også når det gjeld utdanningsløp, har ho følgt kreative retningar. Først på Design og handverk på Voss, sidan Design og tekstil i Bergen. No går ho i lære som skreddar, for å ta svennebrev som kjole- og draktsyerske til våren. Planen er å spesialisere seg i å sy bunadar.

– Ting har skjedd litt tilfeldig. I løpet av desse åra forelska eg meg i skreddarfaget. Det er noko med det å bringe vidare tradisjonar. Faget er og ein motsats til den store forbrukskulturen som pregar klesindustrien, seier ho.

Takla er glad for at ho har følgt sine interesser i val av utdanning.

– Eg vil drive med noko eg synest er gøy, slår ho fast.

Ho meiner at yrkesfaga fortener høgare status enn dei har i dag, og trur mange gløymer kor viktige desse faga er i samfunnet.

For tida framover ønsker ho valfridom. Ho tenker å gå allmennfagleg påbygging, og deretter ta høgskuleutdanning. Val av fag har ho ikkje hastverk med, og vurderar både utdanning som lærar og bioingeniør. På sikt vil ho kombinere utdanninga med kunsten.

Kunstmiljøet

Det skjer mykje innan kulturlivet i Odda. Kan hende først og fremst innan litteratur og musikk, men Takla håpar at også kunstmiljøet i tida framover kan få auka merksemd og rekruttering.

– Det finst mange dyktige kunstnarar i Odda, og mange som har stort potensial. For dei som er i rett aldersgruppe, kan eg varmt anbefale UKM. Eg ville ikkje ha vore der eg er i dag utan det. For dei som er eldre, er det aldri for seint å begynne med kunst, seier ho.

Ein fordel med kunsten, om det er som hobby eller for dei som vil satse på det, er at ein ikkje treng mykje plass for å prøve seg. Store kostnadar er det heller ikkje snakk om, og ho meiner at alle kan lære seg det, om ein har tolmod.

– Når det gjeld biletkunst vil eg anbefale å begynne utan for mange detaljar, og heller forsøke å få fram ei stemning og liv i biletet. Står ein fast ein stad er det mange som gjev opp, men ein bør då heller ta ein pause og kome tilbake til måleriet eller teikninga etter ei stund. Kanskje finn ein ei ny løysing, seier ho.

Om fargen ikkje vert akkurat som ein har tenkt, eller blandinga er litt for tynn, så den byrjar renne, likar ho sjølv å spele vidare på dette i sjølve måleriet. Slik vert mange av detaljane til undervegs.

Meieriet

Takla hugsar tilbake til kursa i teikning og måling som tidlegare vart arrangert på Meieriet kulturhus, der unge og vaksne kunstinteresserte gav kvarandre inspirasjon og innspel. Det er noko ho meiner var eit særs positivt tiltak.

– På sikt er det ein draum å ha eit atelier der eg kan produsere og selje kunsten min. Eg har lyst til å flytte tilbake til Odda, og vil gjerne vere involvert i slike kveldar på Meieriet igjen. Kan hende kan eg då sjølv halde kurs, avsluttar ho.