Gå til sidens hovedinnhold

Går frå gult til raudt nivå – blir reduserte opningstider i barnehagane

Barnehagane i kommunen går frå gult til raudt nivå frå onsdag 7. april, noko som truleg betyr redusert opningstid til sju timar om dagen. Tysdag morgon skal kommunestyret samlast for å handsama ei sak om forskrift for vidareføring og utviding av koronatiltak.

Det er klart etter eit møte i kommunal kriseleiing (KKL) måndag kveld, får HF opplyst.

Det er ikkje meldt nye smitta i kommunen måndag. Likevel ønsker kommunen å forlenga og utvida koronatiltaka i kommunen og det skal kommunestyret samlast for å gjera alt tysdag morgon.

Det betyr mellom anna framleis skjenkestopp og at treningssenter, symjehallar og stort sett alt anna i same kategori må halda stengt fram til 11. april.

  • Sjå heile framlegget til koronaforskrifta som politikarane skal vedta i morgon nedst i saka

Smittesituasjonen måndag ser slik ut:

Isolasjon: 18
Karantene: 46

- Nokre få av dei smitta har ukjent smitteveg, opplyser kommunen.

Barnehagane vert drivne på gult nivå tysdag 6. april men går over til raudt nivå resten av veka. Første til og med fjerde klasse har fysisk undervisning på gult nivå tysdag 6. april og raudt nivå frå onsdag. Elevar på 5-10.trinn møter ikkje på skulen tysdag 6.april.

- Det vert nettbasert undervisning for elevar på 5-10. trinn i grunnskulane frå og med onsdag. SFO vert driven etter gult nivå tysdag og raudt frå onsdag i rettleiaren frå Utdanningsdirektoratet. Sjuke barn skal ikkje møte i barnehage, skule eller SFO, heiter det ei pressemelding frå kommunen måndag kveld.

I tilfelle der begge foreldre har såkalla samfunnskritiske yrke, kan borna likevel få vera i barnehagen i ei utvida opningstid, får HF opplyst.

Framlegg til kommunestyret 6. april: Forskrift om førebygging av Covid-19 smitte i Ullensvang kommune, Vestland

Fastsett av kommunestyret i Ullensvang 06.04.21 med heimel i Lov om vern mot smittsomme
sykdommer, Kap 4.

Bakgrunn for vedtaket er aukande Covid-19 smitte i kommunen og regionen

§ 1 Formål

Forskrifta sitt formål er å hindra eller avgrensa smitte av koronaviruset (SARS-CoV-2) gjennom tiltak som er tilpassa tilhøva.

§ 2 Virkeområde

Forskrifta gjeld alle personar, organisasjonar og verksemder med fast eller mellombels opphald i Ullensvang kommune.

§ 3 Stenging av verksemder

Følgjande verksemder og stadar skal halda stengd:

a. Treningssenter
b. Symjehallar
c. Museum
d. Kino, teater, konsertstadar og tilsvarande kultur- og underhaldningsstadar


§ 4 Arrangement og aktivitetar

Alle arrangement¹ vert forbode, både innandørs og utandørs.

Forbodet gjeld og religiøse tilstelninger og samlingar.

Unnatak: Gravferder er tillate. Tal på deltakarar kan ikkje overstiga 25 personar. Utrekninga av kven som inngår i tal deltakarar føl nasjonale rettleiarar².

¹Arrangement er definert i § 13 i den nasjonale covid-19-forskrifta.
²I samvar med covid-19-forskrifta § 13a


§ 5 Andre bestemmelsar

Ullensvang kommune har påbud om bruk av munnbind på offentleg stad der det er vanskeleg å overhalde avstandskrav, sjå eige forskrift.

Påbud om heimekontor, skjenkestopp og stans av organiserte idrettsaktiviteter for vaksne over 20 år, er gjeldande gjennom nasjonale vedtak.

Barnehage driv på raudt nivå frå og med onsdag 7.april

1-4.trinn og SFO i grunnskulen driv på raudt nivå.

5-10.trinn driv på raudt nivå med heimeundervisning digitalt.

Vaksenopplæringa driv på raudt nivå med heimeundervisning digitalt.


§ 6 Ansvar

Ullensvang kommune tar ikkje på seg økonomisk ansvar som skulle følgje av pålagte tiltak etter denne forskrifta.


§ 7 Straff

Forsetteleg eller grovt aktlaust brot på føresegner i denne forskrifta eller vedtak gitt med heimel i forskrifta er straffbart, jf. lov av 5. august 1995 nr. 55 om vern mot smittsame sjukdommar § 8-1.


§ 8 Ikraftsetjing og varigheit

Forskrifta trer i kraft 5. april 2021 kl 23.59 og gjeld til og med 11. april 2021 kl. 23.59.


I tillegg til forskrifta vil følgjande tilrådingar gjelde:

  • Gruppetilbod innanfor psykisk helse og dagtilbod kan gå som normalt.
  • Unngå å reisa mellom kommunar om det ikkje er naudsynt.
  • Ein rår til at all trening for barn og unge under 20 år som kan vera ute, skal skje utandørs.

Nasjonale tilrådingar:

  • Alle bør avgrensa sosial kontakt med andre og halde seg mest mogleg heime. Ein bør maks ha 2 besøkjande i eigen heim.
  • Ein bør ha så få sosiale kontaktar som mogeleg.
  • Ein bør halda minst 2 meter avstand til andre, med unntak av personar i eigen husstand.

Kommentarer til denne saken