Gå til sidens hovedinnhold

Galleri G Guddal opnar årets sesong på Skjærtorsdag

Skjærtorsdag opnar Galleri G Guddal dørene for årets sesong. Fyrste kunstnar ut er Geir Nymark som kjem med bilete i ulike teknikkar.

For abonnentar

På opningsdagen 1. april, vil kunstnaren vera tilstades i opningstida, melder gallerist Gøril Guddal. Ho strekar under at smittevernreglar vert fylgde og at maksimalt 20 personar får vera inne om gangen.

Nymark viser grafikk og originale arbeid på papir, foamboard og aluminium. Når det gjeld grafikken blir det etsingar og etsingar som er bearbeida med farge etter trykking.

Arbeida på papir, foamboard og aluminium er spraylakk.

Nymark, som kjem frå Voss, har hatt fleire utstillingar i galleriet tidlegare, og hans vestnorske landskapsmotiv er særs populære i grafikkavdelinga heile tida, melder galleristen.

Kafeen som er open i galleriet si opningstid, får nytt vertskap i år; Jacob Greve og Marte Winquist.

Kommentarer til denne saken