– Eg er glad for at motivet blei fjell og fjord. Dette var populært hos innbyggarane og er eit motiv som alle i det flotte fylket vårt kan kjenne seg igjen i, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun i ei pressemelding.

Det endelege fylkesvåpenet viser to fjell i sølvfarge mot ein djupblå farge i bakgrunnen, som skal symbolisere fjord.

Fylkesvåpenet har engasjert innbyggjarar i heile det nye Vestland fylke, og å bli einige om motiv har vore ein lang prosess. Fjell og fjord var òg motivet som gjekk mest igjen da innbyggarane i Sogn og Fjordane og Hordaland i ein open prosess i 2018 kunne gi innspel til motiv.

For å få eit endeleg vedtak måtte begge fylkestinga vedta fylkesvåpenet. I førre veke vedtok fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane fylkesvåpenet på sitt fylkesting.