Det vart klart etter eit møte i utvalet torsdag. Vedtaket var samrøystes.
I forslaget til Statens vegvesen er E134 over Haukeli og R52 over Hemsedal prioritert som dei to hovudsambanda aust-vest.
Fylkesutvalet er samd i at E134 Haukeli må prioriterast som eit nasjonalt hovudsamband mellom Austlandet og Vestlandet, men ønskjer ut frå landsdelsbehova heller å satse på Rv7 over Hardangervidda enn R52 Hemsedal som eit nasjonalt vegsamband aust-vest.
Politikarane har ifølge ei pressmelding frå Hordaland Fylkeskommune lagt vekt på E134 over Haukeli fordi med utbygging av ferjefri E39 mellom Stavanger og Bergen, vil E134 Haugesund - Sandvika bli ein tenleg veg for heile området mellom Stavanger og Bergen.
- På sikt må det byggast ein diagonal frå E134 mot Bergen. Ein slik diagonal vil gje stor trafikk, betydeleg lågare reisetid og kunne gje store regionale effektar i fylket, meiner politikarane.
Når det er aktuelt å gjennomføre ein KVU for aktuelle trasear for E134 Jøsendal – Bergen, må samtlege moglege diagonaltraséar vurderast, meiner utvalet.
I vedtaket stiller fylkesutvalet seg bak målsetjinga til Statens vegvesen i utgreiinga om å prioritere nasjonale hovudvegsamband mellom landsdelane.
Fylkesutvalet understrekar at E39 Stavanger - Bergen, E16 Voss – Bergen og Bergensbanen (Voss – Bergen og Ringeriksbanen) må ha første prioritet i høve til utbygging av vegsambanda aust-vest over fjella.