«Vestland fylkesting er sterkt uroa over auka og uvanleg droneaktivitet i Nordsjøen, samtidig som det ser ut til at lekkasjar på røyrleidningar i Østersjøen skuldast sabotasje» heiter det i pressemeldinga.

Fylkestinget understrekar at beredskap knytt til infrastruktur og installasjonar langs kysten og i Nordsjøen må ha høg prioritet for å sikra tryggleiken.

– Droneaktivitet og lekkasjar på installasjonar gjer Vestland fylkesting uroleg, og som eit energi- og verdiskapingsfylke meiner fylkestinget at det er kritisk viktig å sørge for sikring av infrastruktur og personell, uttalar Askeland i pressemeldinga.