Forbrukarar vel heller økologisk enn kortreist frukt

Eple. Arkivfoto.

Eple. Arkivfoto.

Av

Ei ny undersøking gjennomført av Økologisk Norge viser at det er viktigare for øko-bevisste forbrukarar at frukt og grønsaker er økologiske enn at dei er produserte i Noreg.

DEL

– Resultatet av det er auka import av økomat, seier dagleg leiar Børre Solberg i Økologisk Noreg. Han etterlyser større utval av norskproduserte økomatvarer i butikkane.

44 prosent at dei spurde i undersøkinga vel økologisk frukt og grønt når dei finn det i butikken, uavhengig av produksjonsland. 35 prosent meiner derimot det er viktigare at frukt og grønt er norskprodusert enn at det er økologisk

– Regjeringa og fleirtalet på Stortinget har sagt at norske bønder skal produsera den økomaten forbrukarane spør etter. Bøndene er klare og vil levera, men produkta når ikkje fram til forbrukarane i butikk. Resultatet av det er meir import av økomat, seier Solberg.

3.099 folk svarte på undersøkinga som vart gjennomført i august. 98 prosent av dei oppgav at dei er interesserte i økologisk mat.

Artikkeltags