Frigjer namn på omkommen mann

Politiet har gått ut med namnet på personen som vart funnen omkommen i elva i Kinsarvik onsdag.

DEL

Det var onsdag føremiddag at naudetatane rykka ut etter melding om at ein person var hamna i ei elv i Kinsarvik. Dei melde kort tid etterpå at personen var brakt på land, og at han var omkommen.

No går politiet i samråd med pårørande ut med at det var 29 år gamle Viktor Gabriel Velander Antoniussen frå Bergen som vart funnen.

Torsdag opplyste Ingvild Bergsbakken ved Hardanger lensmannskontor at politiet har oppretta undersøkingssak, og at det ikkje er mistanke om at noko straffbart har skjedd.

Artikkeltags