(Kvinnheringen)

Det var 18 år gamle Emma Weberg Kaldestad som omkom etter ulukka på Baugstranda den 19. juli, melder politiet.

Ho kom køyrande på scooter i retning Matre då ho kolliderte med ein bil som kom køyrande i retning Åkra. Politiet fekk melding om ulukka måndag kveld klokka 20:16.

Kvinnherad lensmannskontor etterforskar ulukka vidare, og skal både avhøyra føraren av bilen som var involvert, og i tillegg andre vitne.