Aud (86) har vore soldat i Frelsesarmeen i Odda i 75 år: – Det har vore heilt fantastisk

Artikkelen er over 1 år gammel

Dette året har Aud Andersson (86) jubileum. I 70 år har ho vore vaksen soldat i Frelsesarmeen. Men ho byrja tidlegare. I 1943, under krigen, starta ho som juniorsoldat, og ho kan difor feira 75 år i Frelsesarmeen i Odda.