Like over klokka 04:00 onsdag morgon fekk politiet stadfesta at ein franskmann vart henta ned frå ei naudbu ved Trolltunga.
Ei rekke mannskap frå Røde Kors, to patruljar frå politiet og Norske Redningshunder deltok i redningsaksjonen på stien inn til Trolltunga tysdag kveld. I tillegg vart sivilforsvaret kalla inn.
Krevjande tilhøve
Ein leita òg etter andre turgåarar, men etter ein prat med franskmannen vart leitinga avslutta. Politi og leitemannskap konkluderte til slutt med at det ikkje var fleire i fjellet.
– Han er i god behald men blir tilsett av helsevesenet. Politiet har no ikkje lenger grunnlag for å tro at det er andre i nød i dette området. Vidare søk er avslutta, opplyste operasjonsleiar Tor-Andre Brakstad i ei pressemelding.
Det var tysdag ettermiddag klokka 16:15 at politiet i Hardanger fekk melding frå ein turgåar i fjellet som hadde tatt seg inn i ei naudbu på veg opp til Trolltunga frå Skjeggedal.
Vest politidistrikt melde klokka 20:25 tysdag kveld at det var sett i gang ein redningsaksjon. Røde Kors-mannskap frå heile område 5 var i aksjon og 11 frivillige starta turen opp i fjellet. Tilhøva på stien inn til Trolltunga vart vurdert som krevjande, med mykje snø og nedbør i form av regn. Det er òg skredfare i området inn mot Trolltunga, som mannskapa måtte ta omsyn til.
Rasfare
Innsatsleiar i politiet, Geir Telle, opplyste til Hardanger Folkeblad 22:25 at det vart gitt instruks om å stansa aksjonen om arbeidet gjekk på akkord med trykkleiken.
– Det er rasfare i området og det er utfordrande for dei som er ute i felt og må ta desse vurderingane. Mannskapa har med seg sender/mottakar, spade og søkestong slik at dei er så trygge som mogeleg, sa Telle.
I tillegg til Røde Kors var det også to patruljar frå politiet og ein hund frå Norske Redningshunder stasjonert i Skjeggedal. Ved nedre del, der den gamle trallebanen gjekk, vart det etablert ein kommandosentral som var operativ gjennom natta.
Arbeidet i Skjeggedal vart avslutta rundt klokka 05:00.