Framleis ingen som har testa positivt på koronavirus i Ullensvang

kommuneoverlege Daniela Brühl og smittevernlege Steinar Jacobsen

kommuneoverlege Daniela Brühl og smittevernlege Steinar Jacobsen Foto:

Det er heller ingen i kommunen som er i karantene.

DEL

Smittevernlege i Ullensvang kommune, Steinar Jacobsen, seier tysdag ettermiddag at ei gruppe med personar i kommunen som kom tilbake frå ei reise i Japan i helga blei sett i karantene, men at karantena blei oppheva måndag etter ny risikovurdering frå Folkehelseinstituttet.

- Det er ikkje meld mistenkte koronatilfeller til smittevernlegen, og det føreligg ingen positive prøvesvar på sjukdomen i Ullensvang kommune per i dag, seier han.

Jacobsen forklarer at kommunen ikkje lenger kan gi eksakte tal på kor mange som har blitt testa, fordi ein no på Haukeland testar fleire pasientar for koronasmitte sjølv om dei ikkje oppfyller testkriteria.

- Det er ingen i Ullensvang per no som sit i karantene, etter beslutningar tatt av kommunen si helseavdeling, seier han.

Når det gjeld arrangement som er sett opp i kommunen dei kommane vekene, seier Jacobsen det vil bli gjort i ny vurdering saman med kommunen si beredskapsleiing og Folkehelseinstituttet.

- Endeleg avgjerd der vil ikkje bli tatt før seinare i veka, seier han.

Kommunen sine råd

- Situasjonen endrar seg nesten kvar dag no. Vi følgjer med på Folkehelseinstituttet sine råd, seier kommuneoverlege Daniela Brühl

Kommunen har og gått ut med ei generell anbefaling om at folk som har symptom på ein luftvegsinfeksjon skal halde seg heime.

- Det gjeld og skuleelevar og barn i barnehage, seier ho.

På spørsmål om kva dei ber vanlege folk om å gjere for å unngå smitte, er svaret klart:

- Handvask, handvask, handvask. Det viktigaste er at folk vasker henda grundig ofte, spesielt når dei har vore ute blant folk, seier kommuneoverlegen.

Tysdag skreiv kommunen og ei oppmoding på heimesidene sine om at folk må hugse dei vanlege smittevernråda dersom dei skal besøke folk på institusjon eller i bufellesskap. Her finn du all informasjon kommunen har lagt ut om utviklinga av koronavirus-epidemien.

Artikkeltags