Framleis ikkje påvist smitte. No startar snart kommunen opp med utvida testing

Bygdarbøen smitteklinikk skal opna opp for utvida testing etter dei nye faste kriteria frå FHI, frå og med 18. mai.

Bygdarbøen smitteklinikk skal opna opp for utvida testing etter dei nye faste kriteria frå FHI, frå og med 18. mai. Foto:

Onsdag opplyser Ullensvang kommune har det er utført 146 covid-testar. Det er framleis ikkje påvist smitte, men kommunen påpeikar at dei strenge smitteverntiltaka framleis gjeld.

DEL

— Innbyggarane har gjort ein stor innsats. Det same har hytteeigarar og besøkande. Samfunnet vert opna forsiktig opp frametter som følge av nasjonale føringar. Strenge smittevernreglar gjeld likevel framleis, seier ordførar Roald Aga Haug i ei pressemelding onsdag.

Han peiker på at det er bekymring i mange kommunar for at tiltaka ikkje er godt nok kommunisert.

— Det same ser vi døme på i Ullensvang kommune. Vi vil ha ekstra fokus på smitteverntiltak i verksemder, butikkar og heime. Dei fleste strenge smittevernråda gjeld framleis. Det er avgjerande at innbyggarane, næringslivet og kundar tek smittevern på største alvor, seier Haug.

Det sama uttala smittevernlege Steinar Jacobsen under eit untevju med Hardanger Folkeblad tysdag.

Jacobsen fortalde at kommunen har registrert på bybildet og folks åtferd at mange no er i ferd med å sleppe litt opp. Det er ikkje bra, slo han fast.

Kommunen påpeikar no at det skal haldast avstand til andre og det skal som hovudregel ikkje samlast meir enn fem personar, utanom dei som bur saman i sine eigen heim.


Smittevernlegen trur mange tolkar oppmjuking av koronareglane feil: — Livsfarleg å sleppe opp no


— Det er opna for planlagde arrangement på inntil 50 personar på offentleg stad, men dette berre dersom strenge smittevernkrav kan overhaldast. Dette krev store lokale der det er mogleg å gjennomføra tilstrekkeleg avstand og hygiene. For mange arrangement vil dette difor ikkje vera aktuelt, påpeiker ordføraren.

Arrangement utan ansvarleg arrangør er ikkje tillate og arrangøren skal ha oversikt over kven som er til stades, kvar dei beveger seg og kven dei er i nærleiken av.

-Ullensvang kommune har vore heldige så langt. Vi vil no på det sterkaste oppmoda folk om å framleis avgrensa kontakt med andre og følga strenge smittevernråd. Vi er opptekne av å ha låg smittegrad slik at næringslivet vert skjerma for konsekvensar av koronapandemien så langt det let seg gjera, seier Haug.

Han understrekar at næringslivet må halda hjula i gang under strenge smittevernråd.

— På fritida er det mogleg å avgrensa seg meir. Difor må vi understreka at godt fokus på smittevernreglane på fritida er avgjerande for at helseteneste og næringsliv får løyst sine viktige oppgåver, seier Haug.

Kommunen planlegg no for ferieavvikling som tek høgde for utvikling av koronapandemien. Bygdarbøen smitteklinikk skal opna opp for utvida testing etter dei nye faste kriteria frå FHI, frå og med 18. mai.

Artikkeltags