Fotgjengar som vart påkøyrd brakk armen

Ulykke i sentrum

Ulykke i sentrum Foto:

DEL

Vest politidistrikt melde på Twitter klokka 10.40 fredag at naudetatane var på veg til Odda sentrum etter at det kom inn melding om at ein fotgjengar var påkøyrd.

Vedkomande var bevisst, men vart sendt til sjukehus.

- Føraren av bilen var ei kvinneleg utlending. Det er tatt beslag i førarkortet og ho får ikkje køyre i Noreg, opplyser etterforskingsleiar ved Hardanger lensmannskontor, Paul Henriksen.

Laurdag føremiddag opplyser Henriksen til HF at føraren har fått eit førelegg på 10 000 kroner, som ho har vedteke. I tillegg er førarkortet fråtatt i seks månader.

Henriksen opplyser vidare at personen som vart påkøyrd brakk armen i ulykka.

Ulykka skapte noko kø i bybildet.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken