Siger til Tyssedal i Bergen

Trenarduoen Thomas Skjold Olsen og Rolf Rene Litsheim har grunn til å smile etter nok ein siger. Arkivfoto: Ernst Olsen

Trenarduoen Thomas Skjold Olsen og Rolf Rene Litsheim har grunn til å smile etter nok ein siger. Arkivfoto: Ernst Olsen

Tyssedal møtte Minde 2 i Bergen laurdag, ein kamp som enda med 2-3 siger til Tyssedølane.

DEL

I laget sitt eige referat på si Facebook-side, skriv referent Thor André Dyrdal at laget heldt godt saman utover kampen.

«Asmar blei felt innanfor 16-meteren etter ca kvarteret, og Bjarte Brekke sette straffen sikkert til høgre for keeper. 1-0 Tyssedal. 8-9 minutt seinae slår Sindre Tyssedalstveit ein strøken crosser til Erlend Hope som rundar mannen sin på utsida, og set ballen i motsett kryss frå skrått hald. Litt etterpå set Hope inn sitt andre for dagen og Tyssedal leiar fortent til pause.»

Les også: Tyssedal inviterte til målfest

Andre omgang var jamnare ifølgje Dyrdal, men Tyssedal heldt løpet ut, og tok ein velfortent siger.

Artikkeltags