Fekk fjerna 40 kubikk med bos

40-kubikk: Ein konteinar som rommar 40 kubikk vart stappa full av plastikk og anna bos som ikkje høyrer heime i naturen, då Nye Voss vidaregåande skule arbeidde dugnad på Slåttenes i Ullensvang 4. mai. Lions i Ullensvang ynskjer òg å rydda.Begge foto: Simon Johnsen.

40-kubikk: Ein konteinar som rommar 40 kubikk vart stappa full av plastikk og anna bos som ikkje høyrer heime i naturen, då Nye Voss vidaregåande skule arbeidde dugnad på Slåttenes i Ullensvang 4. mai. Lions i Ullensvang ynskjer òg å rydda.Begge foto: Simon Johnsen.

Artikkelen er over 1 år gammel

180 elevar ved Nye Voss vidaregåande skule fekk praktisera naturfag tidlegare denne månaden.

DEL

Ryddeaksjonen deira i Ullensvang er ikkje vanskeleg å sjå resultatet av. No ynskjer fleire lag og organisasjonar å ta i eit tak.

På Slåttenes, nord i Ullensvang, samlar det seg store mengder av alt det som får lov til å koma på rek i fjordarmane rundt. Assisterande rektor Svein Inge Kolve og elevinspektør Samson Hamre ved Nye Voss vidaregåande skule tok initiativ til den storstila ryddeaksjonen 4. mai.

– Mykje av det var gamalt, truleg frå den tida då ein heiv på sjøen alt.

I sist heradsstyremøte fekk elevane skryt av ordførar Solfrid Borge i Ullensvang.

– All honnør! Ein skikkeleg stor jobb. Ullensvang herad betalar for bussane til og frå Voss, og Indre Hordaland Miljøverk stilte gratis med konteinar på Slåttenes, opplyste Borge.

Men sjølv om det no er rydda opp der, er det meir enn nok å ta seg av andre stader i distriktet. I Ullensvang ivrar Lions for å få til ein storaksjon. Dei vil freista å få med seg idrettslag og andre lag og organisasjonar. Planen er å organisera båtar på fjorden for å transportera boset til lands. Håpet er å få til ein dag både aust og vest i Ullensvang.

Den 15. mai hadde HF eit framsidefoto av skytestreng og mykje anna bos på nordsida av Ullensvang. Samson Hamre forsikrar om at det ikkje lenger ser slik ut.

Artikkeltags