– Det har skapt ei kraftig uvisse og utryggleik i heile verdikjeda, frå leverandørar til eigarar, seier Tom Jensen, dagleg leiar i Fossberg Kraft i Kvinnherad i Hordaland til Teknisk Ukeblad.
Kraftskatteutvalet har føreslått å pålegge småkraftverk grunnrenteskatt på lik linje med store vasskraftverk. Forslaget har høyringsfrist 1. januar og skal behandlast i regjeringa og sannsynlegvis på Stortinget. Det gjer at småkraftinvestorar sit på gjerdet.
Per Sanderud leidde utvalet, og medgir at fleire prosjekt vil bli ulønnsame dersom forslaget blir vedtatt.
Tom Jensen fortel at alt bremsar opp og at kraftprosjekt blir sette på vent fram til forslaget er avklart.
– Vi føler utryggleik og vi får fleire spørsmål frå investorar og kundar. Og fleire av våre prosjekt fram i tid blir ikkje bygd ut dersom dette blir ein realitet, seier Jensen til TU.
Leiaren i Småkraftforeninga, Knut Olav Tveit, meiner det beste vil vere at grensa på 10 MW blir liggande fast og at dei kan fortsette som før.
– Det Sanderud-utvalet føreslår vil bety status quo for storkrafta og ein katastrofe for småkrafta, seier Tveit.