Mindre sal av dyrare bensin og diesel

ILLUSTRASJONSFOTO

ILLUSTRASJONSFOTO

Av

I oktober vart det selt 86 millionar liter bilbensin og 274 millionar liter autodiesel, mindre enn i oktober i fjor. Som mange har merka, stig bensinprisane.

DEL

Det er ein nedgang på høvesvis 5 millionar og 3 millionar liter frå oktober 2017, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

I same periode har bensinprisen stige med 18,8 prosent og dieselprisen med 12 prosent.

I prosent har likevel det samla salet av petroleumsprodukt auka med 1,9 prosent dei siste tolv månadene. Det kjem mellom anna av ein oppgang i salet av marine gassoljer og anleggsdiesel.

I det samla salet er også sal av mellom anna jetparafin, fyringsolje, tungolje, bunkersolje til skip i utanriksfart og flybensin inkludert.

Totalt sett vart det i oktober selt petroleumsprodukt for 758 millionar liter. Samanlikna med same månad i fjor er det ein oppgang på 14 millionar liter.

(©NPK)

Artikkeltags