God start på Landskappleiken

På pallen: Heidi Lunde Berg og Torkjell Børsheim nr. 2 i Dans hardingfele, klasse B. Foto: Runhild Heggem

På pallen: Heidi Lunde Berg og Torkjell Børsheim nr. 2 i Dans hardingfele, klasse B. Foto: Runhild Heggem

Artikkelen er over 1 år gammel

Heidi Lunde Berg og Torkjell Lunde Børsheim sytte for ein god start på Landskappleiken 2018 for både seg sjølve og for Hardanger.

DEL

Dei to dansarane frå Hardanger spelemannslag dansa seg til 2. plass i klasse dans Hardingfele klasse B. Med 77 poeng; berre eitt fattig poeng bak vinnarparet.

Torkjell, som er A-dansar, og Heidi valde ein Ulvikaspringar då dei inntok scena. Alexander Aga Røynstrand sytte for dei rette taktene.

Landskappleiken går i år føre seg i Trysil, og Hardanger spelemannslag har fleire soloartistar som skal i elden, i tillegg til at dei stiller i lagspel.

Som vanleg er det og mange hardingar og folkemusikkentusiastar som har lagt turen til kappleiken. Dei bidreg til stemning på festivalområdet og støtte til lokale utøvarar under tevlingane.

Landskappleiken starta onsdag, og går fram til sundag. Då er det og meisterkonsert - med alle vinnarane i dei ulike tevlingane.

Artikkeltags