Han spelte seg til delt førsteplass med valdrisen og fleire gongar landskappleik-vinnar Jan Beitohaugen Granli.
I superfinalen der dei to felespelarane konkurrerte med dansarane Tone Voldhaug og Stian Roland (som og har vore med i Landskappleiken fleire gonger), samt Tor Nytun på durspel, var det Beitohaugen Granli som tok førsteplassen, dansarane tok andre, og Rolland vart nummer tre.
Valdreskappleiken er eit lokalt kappleik- og runddansstemne som og trekker til seg utøvarar frå andre distrikt. På dagtid er det kappleik, på kvelden finalekonsertar.
Veldig kjekt
– Det er noko heilt anna å spela kappleik enn å spela konsert. Men det er veldig kjekt når det funkar, seier han.
– Denne gong var det avslappa og kjekt å spela.
Under kappleiken i helga var det fem dommarar som følgde nøye med – og god stemning i salen. Det hjelper godt på for dei som skal prestera og finne nåde for dommarvurderingar- og poeng.
Før Rolland sjølv skulle i elden, spelte han til dans for junior hallingdansarar.
– Eg fekk varma litt opp med det, kommenterer han.
– Konkurranse kontra konsert?
– Det er sjølvsagt kjekt å prestera i konkurranse, og ein har jo litt konkurranseinstinkt. Men det skal klaffa med dagen.
Slåttar som har vandra
På kappleiken i Valdres valde Frank å spela valdresslåttar som har utvandra til Hardanger.
– Kva er skilnaden på valdres-spel og hardangerspel?
– Det er litt andre former. Me i Hardanger har litt jamnare takt enn dei har i Valdres i dag. Men eg trur nok at det var jamnare takt i Valdres og, den gong slåttane vandra ut. Det hender jo noko med musikken undervegs.
På heimebane
Laurdag inviterer Frank med hardingfela til konsert i Agatunet saman med Marit Karlberg på langeleik, harmonium og vokal. Karlberg er mellom anna kjend frå gruppa Sudan Dudan.
Publikum får høyre dei to både i samspel og solo i Lagmannsstova.