Samde om framtida til Folgefonnsenteret

I stiftarmøte onsdag blei stiftarane av Folgefonnsenteret samde om å utarbeida ein plan for åsikra kortsiktig og langsiktig finansiering av senteret.

I stiftarmøte onsdag blei stiftarane av Folgefonnsenteret samde om å utarbeida ein plan for åsikra kortsiktig og langsiktig finansiering av senteret. Foto:

Onsdag var det møte med alle stiftarane i Folgefonnsenteret. Dei blei samde om å sikra både kortsiktig og langsiktig finansiering.

DEL

(Kvinnheringen) Onsdag 12. september var det eit lukka møte mellom stiftarane i Folgefonnsenteret. Representantar frå universitet i Bergen, Kvinnherad, Etne, Jondal, Odda og Ullensvang kommune deltok på møtet.

I ein uttale frå ordførar Peder Sjo Slettebø og styreleiar i Folgefonnsenteret, Knut Førland, står det at det var ein god dialog der stiftarane blei samde om å utarbeida ein plan for å sikra kortsiktig og langsiktig finansiering av senteret.

Styret i stiftinga fekk i oppgåve og snarast mogleg utarbeida ein slik plan. Vidare i uttalen blir det presisert at Folgefonnsenteret har likviditet til å betala utgiftene sine, blant anna lånet i Sparebank 1 SR-bank.

Stiftarane meinte òg at senteret er eit fyrtårn for regionen, og kan bli ein leiande arena for kunnskapsformidling om blant anna klimaforsking og grøn omstilling.

Ingenting konkret

I gruppeleiarmøtet før stiftarmøtet, signaliserte gruppeleiarane at dei ønskte at dei andre stiftarane skulle yta meir, og at Kvinnherad kommune skulle få fleire representantar i styret. Slettebø ønskjer ikkje å kommentera kva som blei sagt om det under stiftarmøtet, men vil venta til planen er utarbeidd.

– Eg signaliserte det som gruppeleiarane sa, og at det var kommunen sitt syn. Vi konkluderte med at styret må utarbeida ei løysing på betring av økonomi og drift, og at det er nøydd til å setjast i verk tiltak. Men nokre konkrete løysingar blei det ikkje, seier Slettebø.

Artikkeltags