Hyttene klare for sesongen

Fonnabu: Turisthyttene ved Folgefonna.foto: anne kari enes

Fonnabu: Turisthyttene ved Folgefonna.foto: anne kari enes

Av

Turisthyttene ved Folgefonna, Fonnabu og Breidablikk, er no klargjorde for sommarsesongen.

DEL

(Kvinnheringen) Påfyll med ved, gass og proviant er frakta opp og hyttene er reingjorde for å ta imot fotturistar.

Den planlagte utbygginga og oppgraderinga på Fonnabu skal ta til i løpet av sommaren. Hyttene vert ikkje stengde i byggeperioden, men kan ha noko redusert overnattingskapasitet. Ta kontakt med turlaget dersom du har spørsmål om det.

Betaling for bruk av hyttene er no forenkla ved at ein kan lasta ned applikasjonen DNT betaling. Elles fungerer både kontant betaling og bruk av eingongsfullmakt.

Turen opp til Fonnabu startar frå Bondhus og går langs den historiske vandreruta. Ein kan gå tur retur Bondhus eller kryssa Folgefonna til Holmaskjer og ned til Odda. Då krevst det breutstyr og kompetanse, ein kan tinga føring gjennom breførarlaget.

Informasjon om hyttene og turen finn ein på ut.no.

God tur!

Kvinnherad Turlag, Hytteutvalet


Artikkeltags