Folgefonn husflidslag med nok ein vellukka haustmarknad på Utne
04. november 2019, kl. 18:00
Både arrangør, publikum og over 20 utstillarar var nøgde med årets haustmarknad med husflid, handverk og gullsmedarbeid. Fleire tilreisande produsentar og gamle og nye publikummarar (kan hende rekord) var å sjå på hotellet på Utne laurdag. – Me er glade for at me får ha markaden på hotellet. Det gir ei fin ramme og god atmosfære, seier Åslaug Eikrem Utne, leiar i Folgefonn husflidslag.