– Neste år vert det arrangert for tredje gong, så då kan vi vel seia at det har vorte ein tradisjon igjen, smiler nestleiar i Herand idrettslag, Margreta Sandvin Eiken.

Fodnastølsrennet i Herand var i mange år ein fast tradisjon, men låg nede heilt frå midten av 1970-talet og til i fjor.

I 2022 blåste Herand Idrettslag liv att i tradisjonen, og rennet vart arrangert i ei litt ny drakt. Mellom anna vart utdelinga av havresuppe frå eit sel på 70-talet erstatta med sveler.

– Det var vellykka. Etter rennet var tilbakemeldingane at dette måtte skje igjen, fortel Eiken.

Som sagt, så gjort. Laurdag 1. april var det klart for nytt renn – i strålande påskesol. Start og mål var ved Fodnastølsbua som ligg ved turskiløypa Vassenden – Fodnastøl.

– Her samla det seg born og vaksne, både fastbuande og påskegjester, til skirenn, leik og moro. Vi hadde fokus på at det skal vera uhøgtideleg og kjekt. Her kan ein bruka alt frå skøyteski til fjellski, og det er ingen krav til teknikk, fortel Eiken.

Skirennet vart delt inn i to klassar for born og ein for vaksne. Det er fine premiar til alle borna, og den som kjem først i mål av dei vaksne fekk i år ei skål med påskegodt.

Mange deltok, og viktig var også heiagjengen som skaper stemning, liv og røre.

– Alle koste seg i påskesola, og det var god stemning. Borna kunne prøva seg på å finna rebusoppgåver påskeharen hadde gøymt rundt omkring, og den heldige vinnaren her fekk med seg eit smekkfullt påskeegg, seier Eiken.

Lukta av bålpannesteikte lappar spreidde seg, og alle kunne forsyna seg med både lappar og saft til det var tomt. Etter at rennet var slutt, vart dei aller fleste verande og koste seg med pølsegrilling, triveleg prat og leik og moro.

– Takk til alle som møtte fram og var med på å gje påsken ein fin start. Vi ønskjer velkomne til å bruka Fodnastølsbua både i påsken og elles, avsluttar Eiken.