– No er det fleire bedriftsleiarar som står med rak rygg og seier dei prioriterer norske arbeidsledige

På jobbjakt: Ingeniør Karam Alkhaled, elektrikar Muhammad Sewar, flyktningkontakt i Nav, Ida Nikolaisen, sosiolog Rasha Alkatib og rådgivar Olaug Askeland ved Odda voksenopplæring.

På jobbjakt: Ingeniør Karam Alkhaled, elektrikar Muhammad Sewar, flyktningkontakt i Nav, Ida Nikolaisen, sosiolog Rasha Alkatib og rådgivar Olaug Askeland ved Odda voksenopplæring. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Det siste halvanna året har Odda voksenopplæring merka ei haldningsendring – fleire bedrifter seier nei til å ta inn flyktningar.

DEL

Vaksenopplæringa har merka ei haldningsendring Tilsette ved Odda voksenopplæring opplever ein del skepsis til flyktninggruppa i Odda-samfunnet.

– Etter flyktningkrisa i 2015 og 2016 var alle innstilte på å hjelpa, men no er det fleire bedriftsleiarar som står med rak rygg og seier dei prioriterer norske arbeidsledige, seier rektor for Odda voksenopplæring, Jon Olav Stadheim.

Når ein søker jobbar utan å få respons over lang tid, vert ein tvinga til å vurdera flytting.

Rektor Stadheim, rådgjevar Olaug Askeland og flyktningkontakt Ida Nikolaisen i Nav seier flyktningane med høgast kompetanse og størst ressursar er dei som flyttar først.

Ingeniør med brei erfaring

Karam Alkhaled (31) kom til Norge for tre år sidan og til Odda i mai 2015. Han budde først i Troms. Han er gift og har eitt barn. Han er utdanna mekanisk/mariningeniør og har jobba på båtar, mellom anna mellom Beirut og Italia. Då han kom til Odda, jobba han ein månad som tolk i ein barnehage. Etterpå var han med og starta restauranten Glacier.

– Eg likar å laga mat, men hadde aldri drøymt om at eg skulle jobba som kokk, seier Alkhaled.

Etter fire-fem månadar på Glacier, var han kokk for Asian Wok i eitt år, men er no arbeidssøkjande. For eit halvt år sidan fekk han godkjend utdanninga si frå Syria, og vil gjerne ha relevant jobb, men er open for heilt andre jobbar òg. Han har òg fire års erfaring med marknadsføring frå verksemda til familien i Syria. Han måtte hjelpa til der då krigen braut ut. Firmaet sel kosmetikkvarer. – Eg vil bu i Odda og har ingen planar om å flytta herifrå. Eg kan pendla ut til nabokommunane for å få jobb. Eg ville sagt ja til alt, men treng å få sjansen. Kva skal eg elles gjera her? Alternativet er å flytta, seier han.

Desse flyttar først

– Fleire med høgare utdanning og mastergradar innan blant anna statsvitskap, prosjektplanlegging, fysioterapi og ernæring har flytta med familiane sine frå Odda fordi dei ikkje fann seg arbeid, korkje innanfor utdanninga si eller anna arbeid, opplyser Olaug Askeland.

Ho er rådgivar i introduksjonsprogrammet for busette flyktningar i Odda.

– Innbyggartalet i Odda går ned, og for kvar person og familie som flyttar, mistar kommunen viktige kroner i rammetilskot frå staten, seier Stadheim.

Askeland frir til bedriftseigarar om å ta samfunnsansvar, både når det gjeld å seia ja til praksisplass og til fast arbeid.

Ho kan mellom anna tilby bedrifter ein lærar, to sosiologar med lang erfaring som lærarar, ein hotellfagarbeidar, ein journalist, ein flisleggar og malar, ein møbelsnikkar, to skreddarar, ein mariningeniør og ein elektrikar.

– Ikkje alle desse yrkeserfaringane er like aktuelle her, men er det verkeleg ingen i Odda som kan ha bruk for nokon av desse? Må dei også ta familiane sine med seg og flytta til Oslo? Spør Askeland.

Flyktningane opplever det som svært vanskeleg å koma inn på arbeidsmarknaden, sjølv etter å ha fått godkjend utdanninga dei har frå heimlandet.

HF fekk møta tre jobbsøkande på Odda voksenopplæring sist veke. Dei har mykje felles.

Dreiv privatskule for 500 elevar

Rasha Alkatib (33) har sosiologutdanning frå Syria. I heimlandet dreiv ho og mannen hennar ein privatskule med 500 elevar og 14 lærarar i Damaskus. Både ho og mannen underviste i matematikk. Då krigen kom, vart det vanskeleg. Dei flytta til ein annan stad i landet og fordi Rasha likar å laga kaker, begynte dei med kakelevering til butikkar.

– Eg laga 20 kaker om dagen og jobba både dag og natt. Mannen min og svogeren min leverte kakene til butikkane. Det varte i fire månadar før vi flykta og kom til Norge. No har vi budd eitt år i Odda. Eg har hatt språkpraksis i barnehagen i Tyssedal to dagar i veka og 2. januar skal eg ha praksis som konditor på Sørfjordsenteret. Eg likar å jobba og blir deprimert av ikkje å gjera det. Om vi ikkje får jobb i Odda, må vi kanskje flytta, men vi likar oss her. Alt er bra, bortsett frå jobb. Sonen min likar seg på barneskulen og dotter mi i barnehagen, seier Rasha som er utolmodig etter å få arbeid.

Vil visa kva dei kan

Alle er topp motiverte, kjempeinteresserte og utolmodige etter å få seg jobb. Gjerne relevant jobb, men alle vil takka ja om dei får eit anna tilbod. Før pleidde dei å ha full guffe i kvardagen. Dei kjenner difor frustrasjon over ikkje å få sjansen til å visa kva dei kan. Ingen vil gå heime og få støtte frå Nav.

Ved Odda voksenopplæring har dei for tida 46 introduksjonsdeltakarar frå sju nasjonar. Flest er frå Syria og Etiopia.

– Nokre av oppgåvene våre er å legga til rette for norsk- og samfunnsfagopplæring, vidare utdanning, hjelpa med godkjenning av medbringa kompetanse, samt språk- og yrkespraksis, seier Askeland.

Ho seier flyktningsituasjonen og introduksjonsprogrammet ofte er under lupa og blir debattert i media. At arbeid med introduksjonsprogrammet er krevjande og langsiktig.

– Noko vi har lukkast med i Odda er å få til eit bra samarbeid med vidaregåande skule. 11 introduksjonsdeltakarar som mangla fagutdanning går no på eit tilpassa 4-årig opplegg som skal munna ut i fagbrev som helsefagarbeidar og prosess- operatør i kjemi-prosessfaget. Vi var invitert av IMDi (integrerings-og mangfaldsdirektoratet) til å fortelja om dette på tre ulike nasjonale konferansar no i haust, seier ho.

«I alle fall ikkje muslimar»

Når ho er ute og spør etter språk- eller yrkespraksisplassar har ho fått høyra i klar tale at «vi tek ikkje i mot flyktningar, i alle fall ikkje muslimar».

– Sjølvsagt er det dei færraste som er så direkte, men det er generelt vanskeleg å få bedrifter og også kommunale avdelingar til å ta denne utfordringa. Vi har menneske med både fagutdanning, universitetsutdanning og dei utan utdanning frå før. Det å komma fort ut i arbeid og bli sjølvforsørgande, etter at den grunnleggande norsken er på plass, er målsettinga for alle.

Nav er ein viktig samarbeidspartnar. Nav kan òg hjelpa verksemder med lønnstilskot og mentorordning.

– Sjølv om det er låg arbeidsløyse, er det høge krav til kompetanse, men det er viktig å få moglegheita til å prøva seg, seier flyktningkontakt for Nav i Odda, Ida Nikolaisen.

Må ha jobb for å bli buande i Odda

Muhammad er ikkje åleine om å ha vanskar med å koma inn på arbeidsmarknaden, sjølv om han har utdanning frå landet han er født i.

Muhammad Sewar (29) frå Syria, er gift og har to born, ei dotter som går i barnehagen og ein nyfødd son. Familien bur no i Odda, dei kom til Norge for to år sidan. Muhammad er utdanna elektrikar og har jobba  kring sju år i ei stor bedrift i heimlandet. 

– Eg håpar å bli meir nyttig. Men det er vanskeleg å koma inn i arbeidslivet i Norge. Eg likar ikkje å få hjelp av Nav, og det er kjedeleg og frustrerande å ikkje ha jobb. Eg kan jobba gratis i ein periode for å visa kva eg kan. Utdanninga mi frå Syria er i ferd med å bli godkjend. Når eg sender jobbsøknad får eg ingen svar, Kanskje må vil flytta, men vi trivst her og har ikkje lyst. Eg vil helst jobba som elektrikar, men tar kva som helst, berre eg får ein jobb, seier han.

Artikkeltags