Naturvernforbundet etterlyser flaumluke-svar

Multiconsult: Kristine Lilleeng Walløe presenterte mellom anna flaumluke-alternativet i Odda i januar i fjor.

Multiconsult: Kristine Lilleeng Walløe presenterte mellom anna flaumluke-alternativet i Odda i januar i fjor. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Naturvernforbundet har skrive brev til NVE, der dei ber om fortgang i utgreiinga av flaumluke-alternativet.

DEL

SKL sin konsesjonssøknad om kraftverk og flaumtunnel i Opo ligg ute på høyring fram til 20. februar. I Multiconsult si moglegheittstudie, som dei laga på oppdrag frå NVE og Odda kommune i 2016, var eit av alternativa som kom fram ei flaumluke der elva går ut frå Sandvinvatnet. NVE har sagt at dei skal sjå vidare på dette alternativet, og det er den utgreiinga Naturvernforbundet no etterlyser, i forbindelse med høyringsrunden til SKL sin søknad.

«18. desember 2017 spurte stortingsrepresentant Lars Haltbrekken (SV) Olje- og energiminister Terje Søviknes om status for ferdigstilling av utredningen slik at den «kunne bli et reelt alternativ» til konsesjonssøknaden. Søviknes spilte da ballen over til NVE ved å vise til at NVE «er i samtale medMulticonsult» om dette», skriv Natuvernforbundet i brevet.

Vidare skriv dei at det er uforståeleg for dei at utgreiinga ikkje er gjennomført for lengst.

«Vi regner oss som en sentral høringsinstans i denne saken, og ber om et raskt svar. Vi ber om en statusoppdatering, herunder når rapporten er antatt ferdigstilt», skriv dei.

Artikkeltags