Fleire prøver hasj

FORELDRE: Bodil Nakkerud og Svein Buer oppmodar foreldre til å ha klare avtalar med borna, snakka om kva dei skal, kven dei skal vera med og ikkje minst henta dei eller vera vakne når dei kjem heim.

FORELDRE: Bodil Nakkerud og Svein Buer oppmodar foreldre til å ha klare avtalar med borna, snakka om kva dei skal, kven dei skal vera med og ikkje minst henta dei eller vera vakne når dei kjem heim. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Det er ei nasjonal trend at fleire unge bruker hasj, og Hardanger lensmannsdistrikt har om lag 20 ungdommar som dei følger ekstra tett.

DEL

– Den uroa me har no er ikkje knytt til eit miljø. Dei er spreidde i lensmannsdistriktet, i alder og i sosiale lag, opplyser politioverbetjent Bodil S. Nakkerud i Hardanger lensmannsdistrikt.


Ungdommane, som er i alderen frå 16 til i overkant av 20 år, er frå alle kommunane i distriktet. Fleire av desse har vore inne til såkalla bekymringssamtalar med politiet.


– Me snakkar litt om farane ved dette, og dei får koma med sin versjon. Nokon av foreldra har hatt mistanke til at dei kanskje driv med noko, fortel politibetjent Svein Buer.
 

Endringar

Han legg til at dei fleste foreldra er positive til initiativet frå politiet. Enkelte har og merka at borna har endra seg.


– Om foreldra ikkje er naive kan dei ha oppdaga endringar, teikn på at det kan vera noko. Det er ei lang liste over ting ein kan sjå etter, til dømes måten ungdommen er på, åtferd og interesser, forklarar Nakkerud.


Enkelte endringar kan sjølvsagt forklarast med at det er snakk om tenåringar, men ho legg til at ein må sjå an kva som er normalt og vera meir obs om det er fleire teikn. Ein annan peikepinn kan vera om interessa for skulearbeid fell, og at karakterane søkk.


– Foreldre stoler veldig på ungane sine, at dei fortel alt, men slik er det ikkje alltid. Når ein oppdagar kven dei er med, er det kanskje for seint, meiner politibetjenten.

Internett


Ungdommane dei er uroa for er gjerne saman i mindre grupper, og har i hovudsak ikkje nokon relasjon til det tyngre rusmiljøet.

Det er i første omgang bruk av hasj som uroar politiet, men dei legg ikkje skjul på at detta kan vera inngangen til tyngre rusmiddel.


– Eg trur at legaliseringsdebatten kring hasj, der både politikarar og kjendisar vert tatt utan å ha klare haldningar, er negativ. Ungdommane er på nett og får med seg dette, dei søker den informasjonen dei vil finna, kommenterer Nakkerud.

Nasjonalt problem


Politiet er tydlege på at dette er eit nasjonalt fenomen, og at dei ikkje er meir uroa over Odda enn andre stader i regionen.

Lokalt har dei inntrykk av at hasjen kjem frå Bergen, og at det vert introdusert vidare på fest.


– Dei som har drive ei stund vil etter kvart søka mot det miljøet som er i Odda, fortel Buer, men legg til at det i oppstartsfasen ikkje skal vera dei same som sel til dei ulike gruppene.
 

Utviklinga

Det kan verta glidande overgangar, men Nakkerud fortel at det tyngste miljøet har vore opptatt av at dei ikkje skal rekruttera yngre. Dei siste åra har det vore ei positiv utvikling innan rusmiljøet i Odda, men Nakkerud er uroa av korleis ting utvikla seg løpet av 2014 og vidare inn i det nye året.


Samstundes vart det ikkje registrert nokon nye førstegongskriminelle under 18 år i lensmannsdistriktet i fjor, og politiet er samde i at dei fleste tek seg saman etter ein såkalla urosamtale. Berre fem av dei om lag 20 har vore inne til fleire samtalar.


– Når dei er inne til urosamtale snakkar me ikkje berre om det eine forholdet, men om skule, fritid, heimen og andre val. Me tek opp kva dei har behov for, og sørgar for at dei får den hjelpa dei treng, forklarar Nakkerud.
 

Ungdommar tek kontakt

Ho er med i SLT-gruppene for alle kommunane i lensmannsdistriktet, og legg til at det er eit godt tverrfagleg samarbeid. Politiet er og glade for at dei har ein god dialog med dei fleste ungdommane i distriktet, og at dei sjølve tek kontakt for å fortelja at dei er uroa for vennene.


– Både elevar og andre kan vera uroa for sine venner, at dei kanskje kan ha brukt hasj på ein fest eller at dei skal prøva. Det er bra at dei kjem til oss og gir beskjed om det, meiner Buer.


At ungdommen sjølve tek kontakt er noko som har komme dei siste åra, og Buer set dette i samanheng med at politiet har vore aktive med å besøka skulane dei siste åra.