Gå til sidens hovedinnhold

Fleire har spurt, og snart kjem jubileumsboka

Fleire har spurt professor Reidar Borgstrøm om når jubileumsboka for Litlos turisthytte kjem. Boka er no i trykken, og skal vera klar for sal i november.

– Då eg var i Odda tidlegare i oktober, fekk eg fleire spørsmål om jubileumsboka for Litlos turisthytte. Eg kunne då fortelja at jubileumsboka er i trykken, og vil vera i sal i november, skriv Reidar Borgstrøm på Facebook.

Det var Borgstrøm, som kanskje er ein av dei ivrigaste gjestene på Litlos turisthytta, som tok initiativ til ei jubileumsbok. Den første turisthytta i Litlos vart opna i 1922, og 8. juli dette året skreiv dei fyrste gjestene seg inn i hytteboka.

Hytta er eigd av DNT Oslo og Omegn, og det er Den Norske Turistforening som formelt vil gje ut boka. Borgstrøm har sjølv bidrege med innhald.

– Boka har eit variert innhald som eg trur alle vener av Litlos og andre fjellfolk vil finna av interesse, og den er ei perfekt julegåve. Boka vert i sal mellom anna hos diverse bokhandlarar, og det vil koma meir informasjon når den er klar for sal, summerer professoren frå Odda.

Kommentarer til denne saken