Gå til sidens hovedinnhold

Fleire forenkla førelegg utanfor skulane

Vidar Litle-Kalsøy, fungerande lensmann ved Hardanger lensmannskontor, opplyser at politiet det siste døgnet har utført fleire trafikkontrollar.

UP var frå rundt klokka 12 måndag ved Korlevoll på E134. Resultatet der vart fire forenkla førelegg, og 94 km/t var høgaste hastigheit i 80-sona.

Eit par timar seinare flytta patruljen seg ned til Eide i Odda, for å gjennomføre laserkontroll i 30-sona etter skuletid.

Der vart det delt ut åtte forenkla førelegg, og høgaste hastigheit var 55 km/t.

– Det var eit tohjulskøyretøy, og éin kilometer i timen ifrå førarkortbeslag, opplyser Litle-Kalsøy.

Han fortel vidare at politiet har fått tilbakemelding frå bebuarar i området om at det er ønskeleg med fleire kontrollar på Eide på grunn av villmannskøyring.

– Der vil me prøve å vere meir til stades, seier den fungerande lensmannen.

Elles hadde politiet i dag tidleg, tysdag, vanleg skulepatrulje. Éin person vart gjeve eit forenkla førelegg for å køyre inn ein stad det er forbode.

Denne misferda kostar 5850 kroner.

– Me vil be alle om å vere merksame på trafikkskilting og trafikkreglar, særleg med tanke på ungar som går og syklar til og frå skulen, kommenterer Litle-Kalsøy.

Kommentarer til denne saken