Fjorden Cowboys med boklansering i Odda

Signerer jolehefte: Leif Einar Lothe – aka. «Lothepus» – og Joar Førde.

Signerer jolehefte: Leif Einar Lothe – aka. «Lothepus» – og Joar Førde. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Joar og Lothepus tar laurdag turen til Sentralbadet litteraturhus i høve lanseringa av den nye Fjorden Cowboys boka «Går det – så går det».

DEL

– Det vert på mange måtar ei boklansering utan bok, seier Joar Førde og ler.

Han fortel at trykkjeriet i Riga kollapsa på sjølvaste Latvia sin nasjonaldag, og boka – i stivt omslag – let difor vente på seg.

Laurdag kveld kan dei tilby det nye joleheftet «Fjorden Cowboys Jola 2016», som ifølgje ei pressemelding frå Havfruo Forlag og eigar May Vik Medås, er eit teikneseriehefte som skildrar alt det dei ikkje fekk filma i TV-serien.

Tidlegare Raptusgeneral Arild Werness er manusforfattar, medan heftet er teikna av kunstar Bjørnar K. Meisler.

– Dette er eit prosjekt vi har snakka om lenge. Dei frammøtte vil også få høyre om boka, som i tillegg til teikneserien vil innehalde mykje bakom materiale om Lothepus og meg, fortel Førde.

Les også: – Det er alltid etterspurnad

«Det måtte eit heilt nytt forlag til for å få detta til, og Havfruo i Bergen er glade for å kunne tilby noko anna enn det «vanlege» i joleheftesesongen», skriv forlaget.

Artikkeltags