- Ekstrem sjåarrekord

:FotO: Eivind Senneseth

:FotO: Eivind Senneseth

Artikkelen er over 3 år gammel

– Det ser ut som også austlendingane har fått augene opp for serien, seier kommunikasjonsrådgjevar i TV2, Alex Iversen.

DEL

227.000 såg sesongpremieren av Fjorden Cowboys.

Tidlegare har serien vore svært populær både på Vestlandet og i Nord-Norge. No trur Iversen at austlendingane også er med på laget.

Sjåartala til sesongpremieren onsdag må seiast å vera ein megarekord. Under premieren i januar i fjor, var det 90.000 som såg på, medan 135.000 såg episode nummer to av serien som handlar om Leif Einar «Lothepus» Lothe og Joar Førde sitt liv i anleggsbransjen.

- Det er uten tvil grunna den gode figuren Lothepus har gjort i Farmen kjendis at me får så høge tal, seier Iversen.

Håpa på effekt

TV2 har også promotert Fjorden Cowboys sterkt på flater knytta opp mot Kjendis-farmen.

- Hadde de forventa så høge tal?

– Me hadde håpa at det skulle bli ein effekt på grunn av Farmen, og det fekk me, konstaterer Iversen.

Til TV2.no seier programdirektør Jarle Nakken at dei gler seg til fortsettinga, og at ein ikkje skal sjå vekk i frå at nokre av dei nye vennane til Lothepus frå Farmen kjendis kjem til å dukka opp i Fjorden Cowboys framover.

Artikkeltags