Strid om neste sesong på TV

Starten: Leif Einar Lothe Joar Førde vart i starten filma av Hildegunn Wærness.

Starten: Leif Einar Lothe Joar Førde vart i starten filma av Hildegunn Wærness. Foto:

Hildegunn Wærness, som skapte suksessen «Fjorden Cowboys», meiner at ein ikkje kan visa den siste sesongen på TV utan løyve frå ho.

DEL

Det bergenske filmselskapet Flimmer film, som mellom anna står bak serien Fjorden Cowboys, som gjorde Lothepus til rikskjendis, vart slått konkurs i midten av januar.

Det var Hildegunn Wærness, søskenbarnet til Joar Førde, som i utgangspunktet skapte serien.

«– Jeg skjønner ikke hvordan eierne av konkursrammede Flimmer Film ser for seg at siste sesong av «Fjorden Cowboys» kan vises på TV uten at de har ordnet opp med meg», seier Wærness til Bergens Tidende.

Den nye sesongen av «Fjorden Cowboys» er spelt inn, og i samband med konkursen vart det meld at denne kom til å verta vist på TV.

Wærness forklarar til Dagbladet at det er mykje snusk i film og TV-bransjen, og at det for ho handlar om å betra filmarbeidarar sine rettar.

««I tilfelle produsentens konkurs eller vesentlig betalingsmislighold, faller de rettigheter rettighetshaver har overdratt til produsenten, tilbake til rettighetshaveren 30 dager etter konkursbegjæring har kommet inn …», heiter det i kontrakten Dagbladet har sett.

Artikkeltags