Fjorden Cowboys, med Leif Einar Lothe og Joar Førde, vann prisen for beste dokusåpe.

Det var ikkje einaste gongen Lothe måtte opp på scena. I kategorien beste konkurransedrevne reality stakk Kjendis farmen av med seieren.

«Lothepus» fekk også æra av å dela ut den første prisen under årets Gullruten, saman med Kristine Koht.

Prisutdelinga vart vist på TV2 fredag kveld.