Den einaste på Farmen kjendis som blir teksta

Å velga førstekjempe var enkelt, ifølgje Lothepus.

Blir teksta: Leif Einar «Lothepus» Lothe, kjent frå Fjorden Cowboys, er den einaste deltakaren på Farmen som blir teksta.

Blir teksta: Leif Einar «Lothepus» Lothe, kjent frå Fjorden Cowboys, er den einaste deltakaren på Farmen som blir teksta. (Foto: )

DEL

Hold deg oppdatert på hva som skjer - bli abonnent på HF+ i dag!

Måndag vart den første episoden av Farmen kjendis vist på TV2. Ifølgje kanalen var det 876.000 som fekk med episoden, noko som er sjåarrekord for ei Farmen-premiere.

Leif Einar «Lothepus» Lothe gjorde seg raskt bemerka hjå dei andre deltakarane, og vart til og med valt til den første storbonden på garden.

– Det var jo planen heile tida det, seier Lothe til HF.

Med storbonderolla kjem også ansvaret for å velga ut førstekjempen, som skal ut i kamp for å få bli på Farmen. Ifølgje Lothe var ikkje dette eit vanskeleg val. Det var Kari Jaquesson som vart den første førstekjempen.

– Det var ho som var mest masete på meg, seier han.

Allereie i første episode kunne ein sjå at Jaquesson og Lothe hamna i ein diskusjon om kva som er «kvinnfolkarbeid» og «mannfolkarbeid».

Lothe, som ifølgje han sjølv ikkje veit korleis han skal bruke ei vaskemaskin, har klare syn på kven som skal gjera kva på garden, noko som provoserer feministen Jaquesson.

Støtte frå målungdomen

Diskusjonane rundt kjendisfarmen har også tatt av på sosiale medier. Fleire har reagert på at Lothe er den einaste deltakaren som blir teksta av TV2. Norsk målungdom skriv dette på si Facebook-side:

«Vi meiner TV 2 her viser språkhaldningar som eit av landets største mediehus burde halde seg for gode for. Ved å tekste kun éi spesifikk dialekt set ein nokre dialekter over andre, der nokre er «normalen» samanlikna med dei andre. Ikkje greitt!» skriv dei.

Til dagbladet.no forklarer presseansvarleg for serien, Alex Iversen, kvifor dei har valt å tekste Lothe.

– Det er nokre sjåarar, spesielt i det sentrale austlandssområdet, som har litt vanskeleg for å forstå kva folk frå enkelte delar av landet seier når dei snakkar dialekt. Det har vi tatt omsyn til når det gjeld Leif Einar Lothe, seier Iversen.

– Serien «Fjorden Cowboys» på TV 2 Zebra, der Lothe er ein av hovudkarakterane, er også teksta, legg han til.

Lothe sjølv tek ikkje dette så tungt.

- Nei det er vel på grunn av at eg snakkar fjøslatin då.

– Trur du folk slit med å forstå deg?

– Det er vel dei frå austlandsområdet, men dei gidd jo ikkje forstå heller, svarar han.

Artikkeltags