Fjellreven mot sitt beste år sidan 2003

Saltfjellet: Yngling av fjellrev i 2008. Bildet er tatt gjennom teleskop.Foto: Vegar Pedersen/SNO

Saltfjellet: Yngling av fjellrev i 2008. Bildet er tatt gjennom teleskop.Foto: Vegar Pedersen/SNO

Artikkelen er over 1 år gammel

Så langt i 2018 er det dokumentert 54 fjellrev-kull og minst 269 kvelpar her i landet. Det går mot det beste året sidan overvakinga starta for 15 år sidan.

DEL

– Det er gledeleg at fjellreven over fleire år har svart positivt på tiltaka vi har sett i gang for å hindre arten i å døy ut, seier avdelingsdirektør Yngve Svarte i Miljødirektoratet i ei pressemelding.

– Auka førekomst av lemen og smågnagarar i nokre område i 2018 har også hatt stor betydning, sidan smågnagarane står øvst på fjellrevmenyen, fortset han.

Les og: Her formeirer fjellreven seg

Fram til no har 2014 vore toppåret for talet på dokumenterte kull med fjellrevkvelpar. Då vart det registrert 50 kull.

For å gjere noko med tilstanden for fjellreven sette miljømyndigheitene i 2003 i gang eit program. Sidan 2005 – då avlsstasjonen på Dovrefjell vart starta opp – er fleire hundre revar sette ut i naturen.

Artikkeltags