Har du hatt fiskelykke? då vil vi høyra frå deg

Illustrasjonsfoto: Ernst Olsen

Illustrasjonsfoto: Ernst Olsen

Artikkelen er over 1 år gammel

HF kårer den største, minste og raraste fisken.

DEL

Har du fått ein kjempestor, eller ein litt merkeleg fisk på kroken? Kanskje du fekk ein uvanleg liten fisk?

I sommar er det tid for fiskekonkurranse i Hardanger Folkeblad. Fram til midten av august tar vi i mot bidrag i kategoriane:

  • Den største fisken
  • Den minste fisken
  • Den raraste fisken

Alle bidrag er velkomne. Du kan anten bruke emneknaggen #HFsommar på Instagram, eller sende biletet til redaksjon@hardanger-folkeblad.no. Du kan senda så mange bidrag du vil.

Skriv gjerne nokre linjer om kven som fanga fisken, kor den vart fanga og kor mykje den vog.

Vi vil trykka konkurransebidrag gjennom sommaren. Vinnarane i alle dei tre kategoriane vil bli premierte.

Artikkeltags