Målretta tiltak har redusert talet på rømt oppdrettsfisk

Illustrasjon

Illustrasjon Foto:

Av

Gjennom målretta tiltak blei innslaget av rømt oppdrettslaks redusert i 52 laksevassdrag over heile landet hausten 2017.

DEL

Det er Oppdrettsnæringens sammenslutning for utfisking av rømt oppdrettsfisk (OURO) som har lagt fram resultata frå uttak av rømt oppdrettsfisk i elver hausten 2017. På oppdrag frå OURO er det tatt ut 428 rømte oppdrettsfisk i 34 elver. Dei fleste elvene blei valt ut på grunn av høgt innslag av rømt oppdrettsfisk i 2016.

– Rømt fisk i elvene skal vekk og vi gjer det vi kan for å ta ut det som blir observert. Vi har i 2017 brukt fire millionar kroner på utfiskingstiltak, og eg er glad for at innsatsen gir gode resultat, seier Roar Paulsen, styreleiar i OURO, i ei pressemelding.

Formålet er å redusere risikoen for genetisk påverknad på vill laksefisk. Alle som har løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure pliktar å betale inn ei årleg avgift til samanslutninga.

Artikkeltags