I Kvinnherad er havbruksnæringa stor, med 27 lokalitetar i og nær fjordane våre. Dermed er nok både næringa og alt som følgjer med noko som opptar dei fleste kvinnheringar. Mykje er skrive om teamet fiskeoppdrett, og det kjem ikkje til å stoppa etter denne serien. Temaet har tidvis ført til store konfliktar mellom havbruksnæringa og dei som er kritiske til den, men mange meiner diskusjonane er noko unyanserte, og har etterlyst ein meir konstruktiv debatt. Med denne reportasjeserien har Kvinnheringen sett nærare på havbruksnæringa på godt og vondt, for å få fram ulike synspunkt frå ulike aktørar. Det har vore viktig for oss å prøva å vera balanserte, og la ulike partar koma til ordet. Vi kjem ikkje med nokon konklusjon, målet vårt er å gi deg så mykje informasjon at du sjølv kan gjera deg opp ei meining. For å kunna grava i temaet, har Kvinnheringen motteke 75.000 kroner frå stiftinga «Fritt ord».
Her finn du alle artiklane som er skrivne i reportasjeserien (oversikta blir oppdatert etter kvart):
Del 1: «Oppdrettsnæringa»
(på trykk i papiravisa fredag 11. mai 2018)
– Eg er svært stolt av å jobba her (Marine Harvest)
Full kontroll på lus og rømming (Bremnes Seashore i Vindafjord)
Gustav Bergstø ‒ laksepioneren frå Uskedalen
Alt (nesten) du må vita om fiskeoppdrett
«Nebbo»: På beina att etter sjukdomsutbrot
Oppdrettar Sveinung Sandvik: ‒ Blå er den nye grønfargen
Ordføraren meiner oppdrettsnæringa utgjer ei kompleks problemstilling
Vil ikkje ha større skattetrykk
Del 2: «Villfisk og forsking»
(på trykk fredag 18. mai 2018)
Villfisken får dobbelt opp av utfordringar
Hardangerfjorden – eit lusebelasta område
Guddalselva: Eit viktig nasjonalt målepunkt
Overraskande stor motstand mot Genbank Hardanger
‒ Løysingane finst, no er det opp til politikarane
– Oppdrettsnæringa har så mange kattar i sekken at kattane har begynt å sjølvdauda
(Norges Miljøvernforbund)
Del 3: «Støyen i Guddalselva»
(på trykk fredag 25. mai 2018)
Storm i ei lita elv
Reportasjeserien er henta frå Kvinnheringen.