Norske Lakseelver: – Dødsdom for villaksen

Planting av rogn: I Opo-vassdraget.

Planting av rogn: I Opo-vassdraget. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

– Villaksen taper igjen, skriv Norges Jeger- og Fiskerforbund og Norske Lakseelver i ei pressemelding.

DEL

Genbanken vraka igjen– Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett vil ha dramatiske konsekvensar for dei ville laksefiskane sør i landet, og særleg i Hardangerfjorden. Det blir kutta dramatisk i dei redningsaksjonane som er sett i gang for å ta vare på dei siste restane i Hardanger. Det er uansvarleg og svakt, seier Espen Søilen, generalsekretær i Norges Jeger- og Fiskerforbund.

Generalsekretær i Norske Lakseelver, Torfinn Evensen, er samd:

– Dei årlege kuttforslaga skaper uforutsigbarheit i ein allereie pressa situasjon for villaksen. Regjeringa skuffar alle dei som arbeider for ei berekraftig villaksforvalting, og eg nøler ikkje med å kalla dette ein dødsdom for dei ville laksefiskane i Hardangerregionen, seier han.

Saman ber dei Stortinget om å løyva 25 millionar kroner i statsbudsjettet for 2018, til oppstart av bygging av genbank for villaks frå hardangerfjordbestandane.

I tillegg reagerer dei på at det blir foreslått eit kutt på rundt fem millionar kroner til kalking i sure vassdrag.

– Også dette kuttet dreg innsatsen for dei ville laksefiskane i feil retning, skriv dei i pressemeldinga.

Artikkeltags