Mykje laks i Etneelva

LAKS I ELVA: I natt opnar fisket i Etneelva etter to stengte år. Talet på villaks som alt er gått opp i elva er mange gonger større enn til same tid i fjor.

LAKS I ELVA: I natt opnar fisket i Etneelva etter to stengte år. Talet på villaks som alt er gått opp i elva er mange gonger større enn til same tid i fjor. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Forventningane til opninga av laksefisket i Etneelva i natt kl 00.00, etter to stengte år, er enorme, skriv Haugesunds Avis.

For høyr: Medan det i fjor på denne tida var registrert 77 villaksar som hadde passert laksefella, er talet i dag tidleg 323 villaksar!

Vidar Børretzen, leiar i fagrådet for Etneelva, seier det er eleveigarane sin innsats for å berga villaksstamma som nå ser ut til å gje tilbakebetaling.

- Elva har vore stengt i fire av dei siste seks åra. Me måtte gjera det fordi laksestamma var så nedfiska. For kvart år har me mista sal av fiskekort på 1,3 mill. kroner. Forskerar seier me kan ganga summen av fiskekortsalet med fire for å finna ut kva laksefiskarane legg att i eit lokalsamfunn, seier han til Haugesunds Avis.

Også tala for sjøaure som har vandra opp i elva forbi fiskefella er gledeleg: 281 hittil i år mot 86 til same tid i fjor.

Rømt oppdrettslaks som er stansa i laksefella hittil i år er 22 mot fire til same tid i fjor. Av erfaring seier Børretzen at oppdrettslaksen fortrinnsvis går opp i elva på hausten.

Denne saka er henta frå Haugesunds Avis

Artikkeltags