Villfisklag vil la brisling få ro

Brisling: Villfisklaget meiner fangst av 500 tonn brisling er negativt for heile fjordmiljøet. Foto: Roar Bjånesøy/Norges Sildesalgslag

Brisling: Villfisklaget meiner fangst av 500 tonn brisling er negativt for heile fjordmiljøet. Foto: Roar Bjånesøy/Norges Sildesalgslag

Artikkelen er over 2 år gammel

Myndigheitene opnar for brislingfiske med ein kvote på 500 tonn i Hardangerfjorden.

DEL

HF hadde i slutten av august ein artikkel om brislingfisket.

– Hardangerfjord Villfisklag er sterkt uroa over at det vert opna for fangst av 500 tonn brisling i fjorden vår. Brislingen er ein nøkkelart og svært mange andre artar er avhengig av at brislingbestanden er sterk. Mellom anna veit vi brislingen er særs viktig for sjøauren. No har vi hatt fleire tiår der brislingen har vore på eit svært lågt nivå. Nærast fråverande inntil for nokre få år sidan, vil mange kunne hevda, kommenterer Svein Helge Pedersen i Hardangerfjord Villfisklag.

– No må vi la brislingen få tid til å bygga seg opp att og venta med fisket til vi har dokumentert ein bestand med haustbare overskot. Opning av fisket i haust er eit steg tilbake i forvaltinga av denne viktige arten og negativt for heile fjordmiljøet, argumenterer Pedersen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken