Fire personar søkte på økonomisjef-stillinga. No blir den lyst ut på nytt

Rådmann Ole-Jørgen Jondahl treng ny økonomisjef i staben sin når Anne Tove Sandal Teigenes no har blitt kommunedirektør i Tinn kommune.

Rådmann Ole-Jørgen Jondahl treng ny økonomisjef i staben sin når Anne Tove Sandal Teigenes no har blitt kommunedirektør i Tinn kommune. Foto:

— Tilsettingsutvalet ønsker ei breiare søkarliste, seier rådmann Ole-Jørgen Jondahl.

DEL

Tidlegare økonomisjef i Ullensvang kommune, Anne Tove Sandal Teigenes, har no gått over i ny jobb som kommunedirektør i Tinn kommune.

Stillinga som kommunalsjef for økonomi blei lyst ut i desember med frist rett før nyttår. Onsdag opplyser rådmannen at tilsettingsutvalet har bestemt seg for å lyse ut stillinga på nytt, då dei helst vil ha ei breiare søkarliste.

— Vi hadde fire søkarar i første runde, og etter ein gjennomgang av lista har utvalet konkludert med at ein prøver å få ei endå breiare søkarliste å velje mellom, fortel han.

Stillinga blir derfor lyst ut på nytt, men ny frist på to veker. I mellomtida er det assisterande rådmann Magnus Steigedal som har ansvar for økonomiavdelinga og årsoppgjeret fram til 1. mars, då han går over i ny jobb som direktør i Vegtilsynet.

— Det kan bli aktuelt med ei konstituering frå 1. mars om ikkje stillinga då er besett, seier Jondahl.

Han har tidlegare sagt at Steigedal si stilling neppe blir erstatta, men at hans oppgåver skal førast over på dei andre kommunalsjefane.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken