Gå til sidens hovedinnhold

Fire nye smitta - ein skuleklasse i karantene

Smittesporing pågår etter at det har kome fire nye smittetilfelle i Ullensvang kommune.

Ein av prøvane kom tilbake positiv fredag, tre har kome laurdag.

- Smitteveg er antatt kjent. Smittesporing pågår framleis, skriv kommunen i ei pressemelding.

Elevane i ein 7. klasse på Odda barneskule er sett i karantene.

Kommunen skriv at smitta har tatt skulebuss på strekninga Eitrheim-Odda onsdag og fredag denne veka. Etter råd frå FHI er dei som sat nærast den smitta definert som nærkontaktar, og vil bli kontakta av kommunen.

Dette gjeld skulebussen onsdag 14.04 klokka 08.25 frå Eitrheim til Odda barneskole, og frå Odda barneskole til Eitrheim klokka 14.15. Det gjeld òg skulebussen fredag 16.04 frå Eitrheim klokka 08.25.

- Dei andre i bussen er oppmoda til å teste seg, skriv kommunen.

Dei som har vore på bussen kan ta kontakt med Bygdabøen smitteklinikk på mandag for testing. Kommunen skriv at dersom dei har eller får symptom, må dei melde frå om det og i tillegg då ta ny test.

- Det er ikkje smittesporing på den andre bussen frå Askane til Odda barneskule, skriv kommunen.

Kommentarer til denne saken