Gå til sidens hovedinnhold

Fire nye positive testar torsdag

Torsdag er det meldt om fire nye tilfelle av covid-19.

Det kjem fram i ei pressemelding frå Ullensvang kommune.

– Dette medfører karantenesetting, òg i ei av dei større bedriftene, vert det opplyst.

Med dette er talet på smitta personar sidan utbrotet oppe i 34.

52 personar er frå før i karantene. Dei som vert sett i karantene som følge av dei fire nye smitta kjem i tillegg.

Vidare går to personar ut av isolasjon i dag.

Kommentarer til denne saken