Øystein Torsnes, politistasjonssjef ved Hardanger politistasjon, melder at UP gjennomførte laserkontroll onsdag formiddag.
Kontrollen fann stad langs riksveg 13 på Ringøy, i 50-sona. Der vart det skrive ut fire forenkla førelegg, og høgaste fart var 65 km/t.
Vidare fortel politistasjonssjefen at lokalt politi torsdag formiddag er ute på oppdrag. Dei har fått melding om ein utanlandsk trailer som har vore borti ein tunnelvegg på Haukeli, på E134.
Les også
To måtte betale for høy hastighet

Les også
Endra rutetider som følgje av sykkelritt

Les også