Gå til sidens hovedinnhold

Festivalen gav seg på topp. Sjå bilde frå siste konsertdag

Årets siste konsertdag for Morellfestivalen vart avslutta slik Morellfestivalen berre kan. For dei som hugsar kvelden kan ein vere einige om lyskastarar som kasta frå seg alle moglege fargar, eit band med god rytme og spennande musikk, ein Ekspedisjon med mykje bra i baren, og Anna som skapte liv og røre. Det var nemleg songar og låtskrivar Anna of the North med band som fekk halde den siste konserten under Morellfestivalen 2021. Anna vart nominert til P3 Gull 2016 i klassen årets nykomar og fekk Spellemannprisen 2019 i klassen årets musikkvideo for «Leaning On Myself» regissert av Noah Lee. På slutten av konserten takka Anna for det beste publikummet ho hadde hatt.