Janove og Real Ones til Festidalen

No er Festidalen-programmet for 2019 spikra, med Janove og Real Ones som dei to siste artistane.

DEL

(Kvinnheringen) Tysdag sleppte Festidalen dei to siste artistane for å gjera plakaten komplett – Janove og Real Ones. Saman med dei skal følgjande artistar på scena i Uskedalen 28. og 29. juni, i uprioritert rekkjefølge: Hit for Hit, Gåte, Miss Tati, Iris, Kvelertak, ISÁK, Kriminell Kunst, Moyka og Highasakite.

– Det er berre å trimma «dansemuvsa» og sommarbarten, snopa seg pass til familie, vener, naboen og seg sjølve, og telja ned dagar. Sommaren er skremmande nære, og den skal sjølvsagt nytast ute i både Guds og Human-etisk forbund sin frie natur. Så ta og gjer det i fellesskap på Festidalen! lokkar booking-ansvarleg Daidalos Dahle.

Janove kjem solo

Norge sin største frontmann gjennom tidene, Kaizer-universets far, døypar og bøddel, Janove, kjem solo. Etter 20 år som artist gjorde Janove for første gong konsertar åleine i fjor. Han sleppte «Spindelvevriff EP», og turnerte landet til ståande ovasjonar. «Perfeksjonisme i dempa og rå form» skreiv BA, og trilla ein seksar. Til hausten vert det ny turné, med allereie utselde konsertar eit heilt år i førevegen. Men før det får du altså sjansen til å oppleva han på Festidalen i sommar.

– Janove er ein levande legende. Få har påverka både popen og rocken i landet som han, og sett ein heilt imponerande standard for live-show. No kjem han i ny drakt. Nesten i adamsdrakta, for no kjem ein heilt inn på han. Dette blir tett og sterkt, skriv Dahle i pressemeldinga.

Real Ones

Dagbladet kåra Real Ones til «Norges i særklasse beste liveband».

– Real Ones er storprodusentar av smil og «feelgood». Du får ein Hubba Bubba av meg om du finn ein på jordet som ikkje smiler under låten «Every Dog Has Its Day»! Det er pop og det er folkrock, det er leikent og rutinert og det er fleirstemt og fleirfoldig. Men mest av alt, smellvakkert! meiner Dahle.

Artikkeltags