Festidalen skjer helga 28.–29. juni 2019

Slik såg det ut på Festidalen-jordet framfor scena laurdag 28. juni i år. Arrangørane håpar på minst like bra vêr og like god stemning på Festidalen 2019. (Arkivfoto: Lars Martin Teigen).

Slik såg det ut på Festidalen-jordet framfor scena laurdag 28. juni i år. Arrangørane håpar på minst like bra vêr og like god stemning på Festidalen 2019. (Arkivfoto: Lars Martin Teigen).

Festidalen-styret har bestemt seg – det blir festival i Kvinnherad også neste sommar.

DEL

(Kvinnheringen) Les også: Usikker framtid for Festidalen

Og med det bles gjengen i Festidalen all tvil kring 2019 utfor verdas ende. På ny vert scena reist. På ny skal feit musikk boltra seg mellom fjella våre. Og på ny skal kvinnheringar og tilreisande samlast i herleg myldring, står det i ei rykande fersk pressemelding frå styret.

– Vår form, farge og flosshatt skal ein alltid kjenna att. For sjølv om nye tankar med saft og kraft skal forma sluttproduktet, så vil rock, fjell og kjærleik vera våre tre heilage bod. Og som kjend er kjærleiken størst. Difor er våre planar, tankar og mål for 2019 dynka i nettopp det – skamlaus kjærleik, skriv bookingansvarleg Daidalos Dahle i pressemeldinga.

Profilen ligg i treffpunktet mellom pop, rock og det folkelege. Moderne møter etablert, ungt møter vakse. Kjende artistar møter ukjende talent.

– Det er saker og ting som skjer no, så følg med i tida som kjem! Alle prosessar er i gang. Fulle segl og månen i masta. Blikket er urokkeleg retta mot siste helga i juni. Merk deg datoane, og sjå fram til befriande baluba. Sjåast der! helsar Dahle.


Artikkeltags