Fjord1 segla inn på børsen

FJORD1: I samband med at Fjord1 går på børsen, har leiinga bestemt at alle fast tilsette får ei aksjegåve til ein verdi av 10.000 kroner. Arkivfoto

FJORD1: I samband med at Fjord1 går på børsen, har leiinga bestemt at alle fast tilsette får ei aksjegåve til ein verdi av 10.000 kroner. Arkivfoto

Artikkelen er over 1 år gammel

Ein historisk dag, melder selskapet.

DEL

Frå tysdag 15. august 2017, er Fjord1 notert på hovudindeksen på Oslo Børs.

Fjord1 har vore notert på Merkur Market sidan mai, men i dag tok selskapet det store

spranget og vart notert på hovudindeksen på Oslo Børs, skriv selskapet i ei pressemelding tysdag.

– Det er fleire fordelar med å vera på Oslo Børs, mellom anna større spelerom i kapitalmarknaden. Fjord1 gjennomfører tidenes ferjeløft. Vi er inne i ein periode med store investeringar i nye miljøvennlege fartøy. Når vi skal vera leiande innanfor det grøne skiftet, set det krav til god kapitaltilgang, seier administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.

Med gårsdagens notering blir Fjord1 det største selskapet i Sogn og Fjordane på Oslo Børs. Havilafjord er i dag majoritetseigar i Fjord1 ASA med 51,5 prosent av aksjane.

– Det er eit selskap med lovande framtidsutsikter som kjem på børs, seier Neteland.

Les også: Nye ferjekontraktar

Artikkeltags