Frå 1. januar skal 14 ferjesamband i Hordaland over på nye kontraktar med elektrisk drift. Av desse vil heile sju samband framleis gå på vanleg drivstoff 1. januar, skriv NRK.

Seks av desse sambanda er nemnt i eit notat frå Prosjektleiar i Vestland til politikarane i fylkesutvalet og utvalet for samferdsel og mobilitet. Medan det siste blir stadfesta til statskanalen frå Skyss.

Storparten av ferjesambanda som får forseinka overgang til eldrift, har forventa ferdigstilling i løpet av 1. kvartal. Ferjesambandet mellom Kvanndal-Utne og Kinsarvik-Utne er derimot ikkje forventa ferdigstilt før i tredje kvartal. Det same gjeld Årsnes-Gjermundshamn i Kvinnherad.

Bakgrunnen for forseinkinga i Ullensvang er manglande ferdigstilling frå nettselskapet si side for Utne ferjekai, står det i prosjektleiaren sitt notat.